Nye retningslinjer Frifond barn og unge
Styret i LNU vedtok 9. desember nye retningslinjer for Frifond barn og unge. Det er ingen store endringar i dei nye retningslinjene, dei viktigaste endringane er:
- Språklege endringar for å gjere retningslinjene meir lesevennlege
- Samvirke og andelslag er lagt til under grupper som ikkje er støtteberettiga, fordi desse ikkje er organisert etter demokratiske prinsipp
- Det er lagt til at utstyr og tenester normalt ikkje skal leigast eller kjøpast av privatpersonar, med mindre dette er avklart med Frifond på førehand
- Det er lagt til ei formulering om at saksbehandlar skjønsmessig kan gjere kutt i totalbudsjett og/eller enkeltpostar der desse er urimeleg høge
- I formuleringa om at ei søkargruppe ikkje kan kjøpe varer eller tenester frå firma som deltakarane i gruppa eller deira næraste er involvert i, er organisasjon lagt til ved sidan av firma
Velkomen som Frifondsøkar i 2012!




